Her kommer et interessant innspill til portalen IMAR-nytt om mulig
opphav til navnet Imar - Imarsundet.
Innsendt på e-post av en mann fra Ertvågøya.

Imarsundet og Imar-portalen, ja vi veit no kvar desse finnast, men kva tyder IMAR?
Det kan det sikkert vere mange meiningar om, nokon seier "Imarn" er namnet på
fjelltoppen "Litj-øre" frå gammalt av, andre meiner det er namnet på eit skjer i
Imarsundet. Med det kan tenkjast at det kjem av ein overvintrande fugl som no
for tia vert kalla for islom på norsk. Gavia immer på vitskapleg, og
t.d. "plongeon imbrin" på fransk. Det gamle nordiske namnet på denne fuglen var
imber eller imbre, eller med hav-framom, havimmer.
På vår lokale språkform kan det tenkjast at det var sagt (hav)immar.
Kva er så det karakteristiske med denne fuglen, som kan ha gjeve namnet til eit
straumsund mellom øyane Stabblandet og Ertvågøya?
Islomen er ein stor fugl, omlag som ein storskarv, han ligg djupt i sjøen med ei lang kvelva/runda form med hals og hovud, og dukker djupt og lenge om gongen,
somme gonger fleire minutt. Formen kan slik minna om eit vervaska svartvått
lite skjer som jamt blir borte i bårene, og slik kan fuglen og ha gjeve namn til
Imar-skjeret i Imarsundet.
Fuglen et mest fisk, som hyse, torsk, bleike og sild, men også noko krabbe, reke
og andre skaldyr, alle blant dei mest vanlege sjømat-slaga i Imarsundet.
Islomen verp ikkje i Noreg, det gjer han i Nord -Amerika, på Grønland, Island og
Bjørnøya.
Etterkommarane til m.a. nordmenn som utvandra til Minnesota USA, har kåra
denne fuglen til "Stats fuglen" der, og han vert kalla "Common loon".
Om hausten trekkjer mange av islomane til Europa for å overvintra her.
Omlag fjerdeparten av desse held til i Noreg, og dei største tala på overvintrande
islom finn ein her i Midt-Noreg og på Nordmøre, med Smøla-skjergarden som
kanskje Europas viktigste område for denne fuglearten vinterstid.
Islomen er jamt å sjå i skjergarden i Tustna og Aure frå september/oktober til april.
Nokre gonger kan eit og anna individ treffast sommarstid, og det kan då vera tale

om yngre fuglar, eller slike som av
andre grunnar ikkje dreg til reir-
plassane det året. Ein slik som låg
ved Veidholm-vegen sommaren 2005
hadde skadd ein vinge slik at han
ikkje kunne flyga.
Sjølv om islomen kan sjåast i Imar-
sundet ein gong i mellom er han
meir regelbunden å finna i vårt område
vestafor og nordaustafor Skardsøya
i Aure, kor eit knapt titals individ overvintrar dei fleste vintrane.
Foldfjorden 23. november 2005, H.A.O.
..........................................................................................................................
24. november 2005
Sjøfundamentet til brua, som har stått ferdig på Fetten industriområde, blir
her senket på plass i Imarsundet med hjelp av kranlekter.
Ifølge annonse i Tidens Krav melder hovedentreprenøren Bilfinger Berger AG at
selve bruarbeidet nå vil komme inn i en ny fase.
Interessen for vei og bru-prosjektet den er stor.
Det er nesten alltid skuelystne som følger med
i utviklingen av byggeprosjektet.
Både av de ansatte som kontrollerer at alt går
som det skal, men også privatpersoner ønsker
å oppdatere seg.
På Aukan fergekai er man nærmest midt i selve
arbeidet for den kommende vei og bru forbindelsen.
 
 
28. november 2005
Vintersneen har gjordt landskapet hvit også i Imarsundet.
.............................................................................................................................
 
  Webansvarlig: Even Steinar Ormbostad